Fonten Gullskoen inneheld hovudformene og enkelte variantar av langkvistrunene, kortkvistrunene, dei stavlause runene og dei nordiske mellomalderrunene (inkl. gutniske, islandske og grønlandske teikn). Hovudtyngda ligg på norske runer. I alt er det om lag 150 teikn i fonten. Gullskoen er frivare, dvs. at han blir distribuert kostnadsfritt, medan opphavsretten ligg hos utviklaren, Odd Einar Haugen (Universitetet i Bergen, Nordisk institutt, Sydnesplassen 7, N-5007 Bergen).
Hovudformer av langkvistrunene:
Hovudformer av kortkvistrunene:
Hovudformer av dei stavlause runene:
Hovudformer av mellomalderrunene:
Hovudformer av gutniske runer:
Fonten er utvikla både for Macintosh og PC (Windows); på begge plattformene både i PostScript og TrueType.